Vegvesenet er oppdragsgjevar og firmaet heiter HJH AS og kjem frå Mo i Rana. Langs fylkes- og riksvegane i Rauma skal dei pusse opp i skjeringar og tunnelar. Dei fjernar lause steinar og blokker og dei fjernar tre som kan vere ein fare for trafikken.

– Vi har fått ei femårskontrakt for indre Romsdal med Statens vegvesen, fortel Kjell Jakobsen og legg til at dei er to lag på tre mann som er i arbeid. Det er vegvesenet som påviser kor dei skal gjere tiltak.

– Farleg arbeid?

– Ja, vi må vere forsiktige, men trafikken er i grunnen verst. Særleg inne i tunnelane.

– Er sjåførane forsiktige?

– Mange ja, men det er alltid nokon som ikkje tek omsyn. Det er nokon som ikkje ein gong ser forskjell på raudt og grønt. Vi regulerer trafikken med trafikklys forbi der vi arbeider, fortel Jakobsen med eit sterkt ønske om meir omsynsfull køyring.

– Det er langt til Mo i Rana?

– Vi arbeider i 12 dagar og har 16 dagar fri. Vi bur på hotel, seier Jakobsen.

Neste 20 år

Torkil Åndal i Statens vegvesen fortel at det er eit stort etterslep på dette sikringsarbeidet då dei som har driftsavtalar ikkje har kompetanse og utstyr til å gjere dette arbeidet. – Vi brukar mellom fire og fem millionar her i området på dette i år og då skal det halde i 20 år framover, seier Åndal og fortel at større mengder med fjell enn dei eigentleg hadde rekna med no blir fjerna.