Eg får inn i mellom absurde spørsmål. Det skulle vere ein konferanse i Molde, om demens. Og eg, av alle nettopp eg, vart spurt om eg kunne halde eit foredrag , - om demens. Kvifor dei spurde den halvgamle læraren i Rødven om dette forstod eg ikkje då, og slettes ikkje no. Dei som spurde visste det nok heller ikkje. Eg likar absurde spørsmål, eg svara ja.

Sidan eg på den tida var kulturpolitikar, var det naturleg å vinkle foredraget på demens og kulturaktivitet. Eg starta med språket og språkleg kommunikasjon. Vi er vande til å tenkje at dei aller fleste vanlege ord har ein eintydig definisjon. Det har dei også, for oss som kjenner desse definisjonane. ( Vi har rett nok mange ord som kan bety fleire ting, vi må sjå dei inn i samanhengen for å forstå dei rett )

Ein dement kan ha problem med å finne desse rette orda, og å bruke dei rett. Det kan bli feil ord, og innhaldet i setninga kan bli noko anna enn det var meint. Det blir vanskeleg å snakke med andre. I ein tidleg fase av demenssjukdommen vil ein gjerne snakke mindre enn før, fordi ein er redd for å seie noko feil. Då blir ein endå meir utanfor alt og alle.

Det gjeld å finne fram til språk utan klåre definisjonar, der ikkje noko er absolutt rett eller absolutt feil. Der alle «sanningar» er like gode, og like relevante. Vi har tre slike språk;

Poesi, kunst og musikk. Desse tre språka gir subjektive opplevingar som ein eig heilt åleine.

Poesi er ikkje kunnskapsformidling. Poesi er rett nok ord, men gjerne sagt på ein uventa eller undrande måte. Diktaren har ofte eit bodskap i dikta sine, meir eller mindre tydeleg, men krev ikkje at vi er samde i denne bodskapen. Poesi får ein til å reflektere, men kjem ikkje med nokon fasit på denne refleksjonen. Dessutan har mange dikt både rim og rytme og er såleis i nær slekt med musikken. Det kan skape attkjenning.

Av bildande kunst har vi to typar: figurativ og nonfigurativ. Figurativ kunst viser noko vi ser kva er, td. eit landskap, eit dyr eller eit menneske. Slik kunst kan få folk til å kjenne seg att, til å mimre over hendingar og personar, få fram kjensler av eit eller anna slag.

Nonfigurativ kunst er linjer, strukturar og fargar, utan at det liknar på noko vi kjenner til. Det går godt an å like slik kunst, ja til og med elske det. For slik kunst kan meir enn noko anna sende tankane vårt langt av garde, til den abstrakte kjensleverda.

Musikk er nok det mest opplagde språket som demente kan ha stor glede av. Ikkje minst har vi sett dette i den rørande vakre NRK-serien «Demenskoret». Song og musikk, med mykje allsong har vore brukt på institusjonar for demente i lange tider, og vil ganske sikkert få ein sterk oppsving no framover.

Eg ser fram til at alle dei tre språka, poesi, kunst og musikk i stor grad blir brukt til å gjere kvardagane betre for demente. Kunstlaget lagar utstilling, gjerne med bilete dei demente har laga sjølv, opplesarar les Jakob Sande og Olav H. Hauge og sjølvlaga dikt, og det heile blir avslutta med allsong. Det ville vere ein velsmakande lapskaus.

Personleg er eg moderat til lite redd for fysisk sjukdom. Men eg må vedgå at den store skrekken er demens. Om eg skulle få denne sjukdommen, vonar eg at nokon tek meg med på konsertar, hentar fram akvarellfargar og spør om eg kan lage nokre dikt,- og synge solo i Demenskoret.