Skrevet av Jan Peter Valde, Rauma Senterparti

Eg viser til spørsmål som vart gitt til dei fleste politiske partia i Rauma, og som stod på trykk i Åndalsnes Avis den 24. april. Sjølv om Senterpartiet ikkje fekk spørsmålet, vil eg som representant for det nest største partiet i Rauma likevel kome med nokre kommentarar.

Spørsmålet var korleis den nye bustadmeldinga vil kunne påverke bustadsituasjonen i Rauma.

I meldinga legg regjeringa vekt på ein aktiv bustadpolitikk for heile landet. Eit hovudmoment i bustadmeldinga er at regjeringa ynskjer å styrke Husbanken si låneramme med 10 mrd kroner i løpet av to år, frå 19 milliarder til 29 milliarder kroner. Dette i motsetning til Høgre som kutta i støtten til Husbanken då dei sat i regjering. Auken i låneramma skal mellom anna gå med til å fornye Husbanken sine lån til oppgradering av bustader, og til at eldre med låg inntekt skal kunne flytte inn i meir eigna bustader. Husbanken skal også nyttast i større grad enn før til å gje startlån som eit viktig bustadpolitisk verkemiddel, for å hjelpe fleire til å kunne eige eigen bustad.

Regjeringa ynskjer også å gje tilskot til bustadbygging i distrikta ved å redusere tapsrisikoen ved bygging i områder med låge bustadprisar. På den måten vil Husbanken være til særleg hjelp der marknadsverdien er vesentleg lågare enn byggekostnadane. Husbanken vil kunne finansiere bygging av nye bustader der bankane ikkje kan gå inn med lån på grunn for liten sikkerheit i marknaden. Dette vil utan tvil kome Rauma kommune til gode, og er verken «ansvarsfraskrivelse» eller mangel på «gode støtteordninger» slik nokon hevdar. Dess fleire som kan få hjelp til å realisere draumen om eigen bustad, dess fleire private aktørar vil kunne bygge desse bustadane.